Dks - Oslo kommune
Postadresse: Postboks 6127, Etterstad, 0602 Oslo
Besøksadresse: Strømsveien 102, 0602 Oslo
Majka, jenta frå Verdsrommet – kjem att
Produksjonsliste
Program

Majka, jenta frå Verdsrommet – kjem att

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Året er 2241. Majka, jenta frå Verdsrommet, kjem til jorda og møter to barn i eit livlaust, metallisk landskap. Kvifor kjem ho? Har ho vore på jorda før? Bli med inn i eit drøymande univers av lyd og visualitet i denne særeiga musikkteaterframsyninga.

Majka, jenta frå Verdsrommet – kjem att er ei framsyning med utgangspunkt i ein tsjekkoslovakisk TV-serie frå 1978. I TV-serien kræsjar Majka inn i livet til ein gjeng ungar i ein slovakisk landsby. Når ho etter kvart drar attende til Verdsrommet, lovar ho å ein dag komme attende til jorda. Det gjer ho i denne framsyninga.

Majka kjem til ei verd som er træsja og møter to barn. Gjennom leik med lyd og bevegelsar, musikk og språk, klarar dei tre barna å kommunisere med kvarandre, og i møtet mellom dei oppstår fargar, lys og håp.

Lærerveiledning

Det forventes ikkje noko forarbeid, men fint om elevane blir førebudd på korleis ein bør oppføre seg under ein framsyning. Fint også om lærarane sit saman med elevane og er deltakande på den måten.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Dks - Oslo kommune
  • Produsent: Ingvild Storhaug
  • I samarbeid med: Dramatikkens Hus
  • Idé/opplegg: Kunstnarane bak framsyninga meiner det blir laga for få framsyningar med eit moderne uttrykk for barn og unge, og det overhengande målet med Majka er å vekke interessa til barn og unge for samtidige kunstuttrykk, og gi plass til deira tankar og fantasiar. Det kunstnariske står i fokus, samtidig som det også er eit mål å engasjere med ein tematikk som krinsar rundt språk og miljøvern.

Om kunstner / utøver / gruppe

Ane Marthe Sørlien Holen (slagverk/skodespelar) har hovudfokus på samtidsmusikk. Ho speler bl.a. i slagverktrioen Pinquins som jamleg urframfører ny musikk.

Sondre Pettersen (vokal/spacedrum/skodespelar) jobbar som musikar, skodespelar og komponist. Han har utmerkt seg med flere hovudroller på norske teatre.

Ingvild Storhaug (vokal/skodespelar) jobbar som songar og produsent, og har de seinare åra fokusert særleg på sceniske produksjonar retta mot barn og unge.

Jon Tombre (regi), Mette Karlsvik (tekst), Julian Skar (musikk), Signe Becker (scenografi), Ingeborg S Olerud (lysdesign), Bernt Isak Wærstad og Amund Ulvestad (lyddesign).


Medvirkende

  • Ane Marthe Sørlien Holen (Slagverk, skodespelar)
  • Sondre Pettersen (Vokal, spacedrum, skodespelar)
  • Ingvild Storhaug (Vokal, skodespelar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Majka
Foto: Anna-Julia Granberg /// Blunderbuss
Majka
Foto: Anna-Julia Granberg /// Blunderbuss
Majka
Foto: Anna-Julia Granberg /// Blunderbuss
Majka
Foto: Anna-Julia Granberg /// Blunderbuss

Video/Lyd

Scenekunst
Trinn: 3 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Ingvild Storhaug
Telefon: 957 05 087
ingvildstorhaug@gmail.com
Faglig relevans
Norsk, musikk, tema teater og miljø
Programlengde
40 min.
Maks publikumsantall
160
Arena / rom
Rommen Scene, Karen Platous vei 31(uke 5), og Kulturkirken Jakob, Hausmannsgt. 14 (uke 9 og 10)
Merknad

Tidspunkt for gjennomføring:
​Uke 5, 9 og 10
Lenker
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Dks - Oslo kommune
Produsent:
Ingvild Storhaug
Medvirkende
  • Ane Marthe Sørlien Holen (Slagverk, skodespelar)
  • Sondre Pettersen (Vokal, spacedrum, skodespelar)
  • Ingvild Storhaug (Vokal, skodespelar)