Dks - Oslo kommune
Postadresse: Postboks 6127, Etterstad, 0602 Oslo
Besøksadresse: Strømsveien 102, 0602 Oslo
Avstand - Forfatterbesøk
Produksjonsliste
Program

Avstand - Forfatterbesøk

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Brødrene til Shwan reiser ut i krigen. Shwan sit att heime med uvisse, adrenalin, sørgande foreldre, eit krigsherja Kurdistan. Så reiser han seg sjølv og går. Heilt til Europa.

Avstand er ei bok om å ha brødre i krig. Om Shwans brødre som kjempa for og imot Saddam Hussein i Nord-Irak på åttitalet. Det skulle også handle om Mettes bror som også har kjempa i nærliggande tid og stad. Det skulle handle om likskap og ulikskap i å vere pårørande til soldatar frå Kurdistan og Noreg. Under arbeidet med boka endrar prosjektet seg: Shwans brødre kan snakke fritt frå krigane. Men Mettes bror kan ikkje seie noko. Det som skulle bli eit prosjekt om krig blir ein demonstrasjon av ytringsfridomens uføreseielege vilkår. Det blir eit verk om Shwans mange forflytningar og ankomst til nye stader: Om stadig å måtte finne seg tilrette på nye stader, med nye språk, men heile tida ha dette universelle språket å uttrykke seg gjennom: Biletkunsten.

Produksjonen Avstand tar utgangspunkt i Shwans biletkunst og Mettes skrivekunst. Dei viser film, les frå boka Avstand, og intervjuar kvarandre. 

Lærerveiledning

Du finn eit forslag til opplegg med førebuing og etterarbeid som nedlastbar fil til høgre.

Last ned:

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Dks - Oslo kommune
  • Produsent: Mette Karlsvik

Om kunstner / utøver / gruppe

Shwan Dler Qaradaki (f. 1977 i Suleimania) er ein kurdisk kunstnar som kom til Noreg som flyktning i 1999. Sidan 2011 har han hatt varig opphaldsløyve i Noreg, og jobbar på fulltid med biletkunst. Han var kåra til Årets nykommar av Kulturrådet, er festspelkunstnar 2016 i Nordland, og festivalkunstnar på Bjørnsonfestivalen 2016. I 2010 fekk han Skien kommunes kunstnarstipend. Det var slik han møtte Mette Karlsvik (f. 1978 i Bodø), som hadde same stipend eitt par år etterpå. Karlsvik er også utdanna kunstnar (Glasgow School of Art), men vann Tarjei Vesaas debutantpris for sin første roman og har sidan jobba som forfattar. Forfattarskapen hennar har fått Stig Sæterbakkens minnepris, Bokhandlerstipendet, Skardstipendet og Målprisen frå Nordmøre Mållag. Dokumentaren Avstand er den 16. boka hennar, og er lagd i samarbeid med Qaradaki.


Medvirkende

  • Mette Karlsvik (Forfattar)
  • Shwan Dler Qaradaki (Biletkunstnar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

99.jpg
Foto: Shwan Dler Qaradaki
103.jpg
Foto: Shwan Dler Qaradaki
117a.jpg
Foto: Shwan Dler Qaradaki

Video/Lyd

Litteratur
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Mette Karlsvik
Telefon: 936 71 309
mette@skrift.info
Faglig relevans
Norsk, samfunnsfag, historie, politikk, etikk, tema krig og ytringsfrihet
Programlengde
45 min
Maks publikumsantall
35
Arena / rom
Klasserom
Oppriggingstid
5 min.
Nedriggingstid
5 min.
Strøm
3 uttak
Merknad
​Noko blending. Trenger projektor og lerret eller smartboard.Tidspunkt for gjennomføring:Vår 2017
​Uke 13 og 14
Man-fre kl 09.00, 10.00 og 12.30
Lenker
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Dks - Oslo kommune
Produsent:
Mette Karlsvik
Medvirkende
  • Mette Karlsvik (Forfattar)
  • Shwan Dler Qaradaki (Biletkunstnar)