oslo

Hip Hop som identitetsbygger

Korleis kan ein sjanger, som starta på gata i New York på 70-tallet, treffe ein ung gut frå Mandal på ein måte som skal definere heile hans liv?


I 1984 satt André Hadland på guterommet i Mandal og såg filmen Beat Street. Filmen opna ei heilt ny verd for André. Han blei lidenskapleg oppteken av musikken, og gjorde alt han kunne for å finne ut meir om sjangeren ingen andre var opptatt av eller hadde høyrt om i Mandal.

I dag er Son of Light (André Hadland) ein av Norges mest erfarne og krediterte rapparar.

I slutten av januar 2014 kjem han til Den kulturelle skulesekken med konserten "Fra bygd til beat", og det er framleis ledige plassar!

Konserten finn stad på Betong (Chateu Neuf) 27., 28. og 29. januar kl 11.00.

Her finn du oversikt over ledige plassar og info om korleis melde på.


Elevar på u-trinn og vidaregående får ein personleg Hip Hop-konsert, der Son of Light koplar hip-hopen si historie og bodskap opp mot si eiga personlege historie.

I dette prosjektet går Son of Light til sine røter, nemleg å spele med live musikarar, slik han gjorde som 19-åring då han gav ut plate med jazzsongaren Helen Eriksen. Besetninga med orgel, trommer og rapp gir eit rå og åpen sound, men også ein fleksibilitet i forhold til interaksjon med elevane (som ikkje er så lett å oppnå med kun DJ).

Me oppfordrar interesserte lærarar til å sondere terrenget i sine klassar – er det elevar som enten dansar eller rappar-? Som ein del av konserten pleier nemlig musikarane å oppfordre elevar som vil, til å komme opp og ta del i showet på ein eller annan måte.

Her finn du meir info om artisten, video mm

 

 

Fra Bygd til Beat

Fra Bygd til Beat