oslo

Skriveverkstad på Det Norske Teatret

Eit innblikk i å skrive dramatikk for elevar på vidaregående

Det Norske Teatret held fram med populære formidlingsaktivitetar for elevar til aktuelle stykke. Til hausten byr dei på eit nytt og spennande tilbod: skriveverkstad i samband med Fosse-stykket Namnet.
 
Skriveverkstaden vil vere høgaktuell for norsk- og dramafaget. Dramatikar Petter Rosenlund vil vise korleis dramatikk skil seg frå prosa. Saman med skodespelarar frå produksjonen Namnet, vil han rettleie elevane i å skrive sin eigen scenetekst.

Elevane vil kunne bruke skodespelarane aktivt i denne prosessen: Skodespelarane vil improvisere rundt stikkord og idear frå elevgruppene som elevane kan byggje vidare på i tekstskrivinga. Verkstaden blir avrunda med at skodespelarane (evt. saman med elevane) speler dramatikken som har blitt produsert.

Når:
6.9, 7.9, 8.9 og 12.9 - kl 11-15
13.9 og 14.9 - kl 15–19.
Framsyningstidspunkt vil variere.

Pris:
Kr 40 pr. elev for skriveverkstad
Kr 150 pr. elev for framsyning

For meir informasjon og bestilling kontakt skoleansvarleg Siri Hansen på 22 47 38 22 eller siri.hansen@detnorsketeatret.no.
 
 
Les meir om skoleaktivitetane til Det Norske Teatret på www.detnorsketeatret.no/UNDERVISNING
Les meir om Jon Fosse's Namnet her

 

Elevaktivitet på Det Norske Teatret

Elevaktivitet på Det Norske Teatret

foto: Det Norske Teatret

Brosjyre - skoleaktivitetar

Brosjyre - skoleaktivitetar